Liker ikke Gud homofile?

I forbindelse med den pågående debatten i Frikirken frem mot Synodemøtet, vil vi anbefale en nydelig liten bok som kom ut før jul. Artikkelen er hentet fra Dagen 17.12.24

Sam har homofile kjensler, men meiner det er gode nyheiter at han ikkje skal leve dei ut

Med boka «Liker ikke Gud homofile?» prøver Sam Allberry å setje Jesus i sentrum av samtalen om samliv.

Av Tore Hjalmar Sævik      tore@dagen.no  Publisert: 17.12.2023  Artikkelen er noe redigert og gjengitt med velvillig tillatelse. Hele artikkelen finner du på denne lenken: https://www.dagen.no/tro/sam-har-homofile-kjensler-men-meiner-det-er-gode-nyheiter-at-han-ikkje-skal-leve-dei-ut/

 

Boka kom første gongen for ti år sidan, men er i år komen på norsk i revidert utgåve. Utgangspunktet var dei store kulturelle endringane som Allberry såg i Storbritannia på starten av 2000-talet.

Forord av verdskjend pastor

Allberry såg behov for å få fram andre stemmer enn dei som naturleg får mest merksemd i dag. Sjølv har han berre kjend tiltrekning til menn, men er ut frå Bibelen overtydd om at det betyr at han må leve åleine.

– Eg ville få fram at Guds ord til meg er godt. Det er kanskje ikkje lett, men det er godt, seier han.

Forordet i den nye utgåva er ved den verdskjende pastoren Tim Keller, som døydde tidlegare i år. Allberry talte i minnegudstenesta for Keller i New York. 

Tonedøve konservative

I takt med den kulturelle utviklinga registrerer Allberry at mange kristne i vestlege land er komne på gli i desse spørsmåla. Derfor såg han behov for å vere veldig klar, men samstundes vise sterk medkjensle.

– Allereie då eg skreiv dette, var det nokre røyster som argumenterte for det same, men dei vart litt tonedøve for den kulturelle situasjonen. Eg ville i det minste prøve å skrive noko som var emosjonelt intelligent og samstundes klart på kva Bibelen seier om dette.

Sam Allberry

Britisk teolog og pastor i kyrkjelyden Immanuel Nashville i Tennessee.

Har tidlegare vore prest i Church of England i byen Maidenhead, rett vest for London.

Har har skrive ei rekke bøker, mellom anna «Is God Anti-Gay?» Denne boka er no komen på norsk med tittelen «Liker ikke Gud homofile? på Lunde forlag. Allberry er også tilknytt The Anglican Church in North America og The Keller Center for Cultural Apologetics.

 

Vonde erfaringar

Sidan kristne ideal om ekteskap tidlegare var bortimot sjølvsagde, meiner Allberry at kyrkjene først og fremst har vorte forbundne med å formidle forbod. – Det har mangla ein stor, positiv visjon om kva menneskeleg seksualitet skal bety og vise til, seier han.

Kristne må ta inn over seg at mange homofile har opplevd å bli handsama på ein nedsetjande måte i kristne miljø.

Alle er seksuelle syndarar

For Allberry er det likevel ikkje noko alternativ å innta eit liberalt standpunkt.

– Vi skal ikkje sjå ned på menneske som kjempar med eller praktiserer desse tinga. Vi er alle syndarar som er frelste av nåde, seier han.  I kyrkjer meiner han det er avgjerande at ein kan snakke om desse sidene av livet og vedkjenne synder utan å oppleve at ein vert påført skam eller fordømt.

– Bibelen seier at vi alle er seksuelle syndarar. Vonlegvis kan det gi folk meir medkjensle med dei som kjempar på dette området, seier Allberry. 

Gode samtalar

– Kva har du vunne og tapt med å vere open om din eigen situasjon?

– Eg trur ikkje alle kristne trenger å vere offentlege om slike ting, understrekar Allberry.

Han erfarte først at det var til stor hjelp å vere open i møte med eigne vener.

– Det var ei lækjande erfaring å vedkjenne dette til kristne vener.

Å gå ut i det offentlege rommet har vore eit større steg, men han opplever at det har opna for mange gode samtalar.

– Alle som snakkar offentleg om dette, må rekne med at folk er usamde. 

Førebudd på motstand

For mange kyrkjer trur han det er lettast å ikkje seie noko om homoseksualitet.

Men kostnaden med å vere stille, er at ein let menneske verte forma eksklusivt av kva kulturen seier.

Allberry meiner det ikkje er ei god pastoralomsorg. Derfor har han jobba mykje med pastorar om korleis dei kan handtere dette på ein sunn måte.

Samtidig påpeikar han at Bibelen førebur kristne på mostand.

– Vi bør i det minste ikkje bli overraska eller overdrive urolege dersom folk kjem med skjellsord fordi vi forklarar kva Bibelen seier. Men vi må sikre oss at vi legg ut Bibelen på ein nådefull måte. 

Ikkje rom for usemje

I møte med kritikk meiner Allberry det beste er å leve eit liv som viser at skuldingane ikkje stemmer.

– Alle kjenner vi homofile menneske. Det hjelper dersom ein homofil ven kan seie: Denne personen elskar meg faktisk.

Han legg ikkje skjul på at det likevel kan bli spenningar, ikkje minst når menneske i same kristne miljø er usamde. Allberry viser til at det finst saker der kristne kan vere usamde.

– Bibelen gjer det veldig klart at seksualitet ikkje er eit av dei spørsmåla.

Allberry viser til 1. Korintarbrev 6 der Paulus knyter omvending frå synd til å arve Guds rike. Han peikar også på at Jesus i Openberringa refsar kyrkjelyden i Tyatira fordi dei tolererer dei som lærer kristne å drive hor.

Desse to versa fortel Allberry at synet på likekjønna samliv ikkje kan samanliknast med kva syn ein har har på tusenårsiket, kvinners teneste eller andre område der kristne har vore usamde. – Det er ei sak som gjeld evangeliet, seier han.

Testspørsmål: Jesus

Allberry har sjølv vener som er usamde med han i dette spørsmålet.

– Det er vrient. For eg må seie til dei at eg ikkje er sikker på at dei har kristen integritet på dette punktet. Og eg ville aldri ha dykk til å undervise i kyrkja mi, ikkje berre om dette, men om noko som helst.

For pastoren er testspørsmålet om dei er villige til å endre oppfatning dersom han kunne overtyde dei om at Jesus seier det er gale. – For eg vil finne ut om Jesus i Bibelen er deira øvste autoritet.

Forstår oppleving av intoleranse

– Somme vil seie at det er intolerant?

– Ja, for dei vil det vere det, erkjenner Allberry.

Han meiner likevel at det er synd å tolerere synd.
For det andre vil han vise til område der kyrkja har gått bort frå Jesu lære og at det har skapt problem.

– Eg vil ha menneske til å innsjå at eg berre prøver å følgje Jesus. Dersom du vil ha meg til å endre oppfatning om ekteskap og seksualetikk, må du vise at Jesus tek feil.

– Eit vanleg motargument er at Jesus ikkje seier noko om homofili i evangelia?

– Ja, derfor var det også eit viktig poeng å få fram i boka at Jesus ikkje er i nærleiken av så seksuelt nøytral som folk reknar med at han er. Det gjeld både i det han sjølv underviser og det han gir apostlane å undervise.

Kjærleik i det kristne fellesskapet

Samstundes trur han ikkje det er fruktbart å seie berre «homofilt samliv er synd». Han meiner det trengst tid, venskap og ein betre bodskap.

– Men somme vil seie at dei lever eit godt liv sjølv om dei ikkje følgjer instruksjonane du meiner ein bør følgje?

– Det er veldig vanskeleg å argumentere mot erfaringane til menneske. 

For eigen del vil Allberry vise til si eiga erfaring med kjærleiken han har erfart i det kristne fellesskapet.

– Eg trur det er ein meir stabil, rikare og djupare visjon av menneskeleg kjærleik enn kven ein kjenner seg romantisk tilfredsstilt av.

 

  • Oppdatert